28 mai 2008

Så kom godveret!

Det verkeleg fine vårveret har latt vente på seg denne våren. Eg har no aldri eiegentlig hatt værlukke eg, då, eg har no mest skitver på turar, og den eine sumaren eg hadde eksamen så tidleg som i mai, då regna det heile sumaren. Eg tullar ikkje. 20. mai 1998 klokka 14.00 leverte eg mi siste eksamensoppgåve i "Civilisation" på engelsk grunnfag. Klokka 14.15 kom regnet, og det gav seg ikkje før uti august, om lag samstundes med at eg begynte på engelsk mellomfag. Og slik har det i grunnen vore sidan, med Bolivia-turen som eit så hederleg unntak at eg ikkje har slutta å dra på tur. Eg har lukkelegvis veldig dårleg hugs.

Denne våren har ikkje vore så annsleis. Dei siste vekene har det vore ustabilt, med litt regn og litt sol, mest det siste, men ikkje så stabilt at ein har lyst til å vere lange heimefrå på ein liten karbonsykkel. Men i går kveld letta disen. Den blå himmelen skinte så klar og fin, og fargane blei så klare.

Eg må vaske vindaugo oftare.
Blogged with the Flock Browser

Ingen kommentarer: