01 september 2007

Om å arbeide i den tredje verda

Kvar gong eg les desse artiklane frå slike misjonsskular i Afrika, Sør-Amerika eller Asia, så er det alltid eit lengre avsnitt om kordan dei desse skulane driv si verksemd utan det mest grunnleggjande av utstyr: papir, bøker, tavler og kritt. I tillegg snakkar dei alltid om at dei har undervisning ute, fordi det er jo alltid solskin i desse landa. Og desse skulane gjer ein innsats som vi i skulen her heime berre kan draume om.

Men det er visse likskapar.

På skulen der eg arbeidar har vi til dømes ikkje bøker. Eg har fått to bøker hittil, elevane har ingen, likt som med ungane i Afrika, det er berre årsaken som ikkje er den same - bøker gjer læraren eit høve til å gjere noko anna enn å finne tekstar til elevane, og slike gamaldagse praktiske saker kan vi ikkje ha. Vi har heller ikkje tavler eller kritt, for vi skal bruke digitale tavler. Så får det berre vere at dei digitale tavlene ikkje virkar når elevane er på nett. Det mest slåande er likevel mangelen på papir, det gjer oss masse ekstra trim når vi renner rundt i betongørkenbygget vårt og tigg om papir til skrivaren vår. I går fekk eg ein hjarteleg kjærleikserklæring då eg kunne stille med ei pakke papir til kopimaskina. Vi vann begge på det, han viste meg nemleg vegen til den skjulte kopimaskina, han fekk papir av meg. Utan bøker er vi nemleg heilt avhengige av skrivarar og kopimaskiner.

Skulen vår er dessutan også laga for at vi skal kunne undervise ute. Litt som i Afrika, men ikkje heilt. Vi har færre utedagar. Og meir vatn. Særleg det. Mykje meir vatn, og mykje betre tak. Sjølv om vannmaskina også svikta her om dagen. Og som i den tredje verda, så får dei rike meir, og dei fattige mindre, og maten er ujamnt fordelt. Då vi fekk mat frå leiinga på åpninga av skulen, så fekk berre den eine halvdelen av elevane mat, all den tid nokon frå den andre halvdelen hadde ete han opp.

Så å arbeide i Osloskulen er ganske likt det å arbeide i den tredje verda-skulen, berre med den lille men vesentlege detaljen at eg kan reise heim frå den tredje verda kvar ettermiddag.

Ingen kommentarer: