26 september 2007

Haust

Eg likar ikkje hausten. Hausten er den årstida eg verdset minst. Hausten er kald, blaut, vindfull og mørk. Og det er altfor lenge til snyen kjem og det blir verdt å vere ute igjen. Dessutan regnar det heile tida, og eg likar ikkje regn. Regn er bortkasta tid, ikkje kan ein gå på ski, ikkje kan ein sykle, og samme kva ein gjer så blir ein kald og blaut. Og feit, for det einaste gode med hausten er at ein ofte må drikke kakao. Reint medisinsk sjølvsagt.

Men i dag var det vanskeleg å ikkje like hausten. Sola skein frå knallblå himmel, det var skarp luft, men varmt likevel. Trea er blitt litt gule og oransje her og der, og ein ser verda gjennom eit innebygd polaroid-filter. Og eg var ute og sprang, eg sprang intervallar, og kroppen var så fin og lett og sjølv om eg pesa fælt og pulsen var så høg som den skulle, så kjente eg meg rask og elegant. Eg veit ikkje heilt kor rett det er, eg er ikkje nokon elegant løpar, det mest elegante med meg er nok namnet: Gasellen. Men kva gjer vel det når alt virkar så bra, og sola skin og eg skulle heim og ete heimebakt brød saman med kjærasten?

Det var mykje lettare å ikkje hugse korfor eg ikkje likar hausten natt til tysdag - då regna det og blåste så fælt at det var vanskeleg å få sove. Persiennene freste etter oss, og dørene klynka i vinden, og innimellom så ulte det så fælt der ute at ein skulle tru det var eit dyr som skreik. Men eigentleg så likar eg mykje ver, eg, det er slikt trasig sildreregn eg hatar, det er så lite lidenskapleg, synest eg. Nei, blidt solskin er herleg, og sinna tordenver og rasande stormar er utruleg fascinerande, det er ver med temperament, det! Det er dei regnblaute kommunefarga dagane eg ikkje har tolmod med.

Ingen kommentarer: