02 oktober 2007

Haust del II: tur i Troms

Eg har sagt det før, og eg seier det igjen - eg likar ikkje hausten. Men eg har óg skrive før at det kan vere vanskeleg å ikkje like han. Og dei siste dagane har det vore vanskeleg å ikkje like hausten. Veldig vanskeleg faktisk.

Det begynte på laurdag då eg landa på Langnes. Årets andre gode haustkjensle måtte sjølvsagt begynne i Troms, eg er då patriot. I Oslo var det ikkje så fint ver. Ikkje at eg brydde meg, eg hadde feilrekna på tida og kom meg berre såvidt med flyet. Veldig flaut, eg blir å gå forbi dette i størsta møjliga tystnad, det var fakisk flaut.

Men i Romssas skein sola, og Balsfjorden var så blank og vakker som berre Balsfjorden kan vere, og eg var utruleg glad for å vere nesten-Balsfjording. På Vollan pakka vi berre om, køyrde Maria på jobb og satte kursen mot Kilpisjävri og saunaen der. Der traff eg forresten noko eg aldri hadde trudd eg skulle komme over: ein nordlending, og det ein manndaling, som verka sjenert over at eg sto og kledde av meg i herregarderoben (felles sauna etter 20.00, for dei av dykk som måtte lure). Han tok til vetet, og sjølvsagt hadde vi felles kjente - manndalinger er overalt, det er berre å innsjå. Godt dei er trivelege folk!

Tradisjonen tru er det biff, fløytegratinerte potet og raudvin første kvelden, og vi er tradisjonsbundne folk. Rive kjeft gjer vi også, det er ein viktig del av seansen, og Martin er i særklasse der! Godt å ikkje måtte late som ein er sofistikert, sjølv om han tok seg i å ønskje seg eit meir sofistikert festivalpublikum enn det som var på Notodden - det blir eg å bruke mot han!

Søndagen vakna vi til nydeleg ver og skarp luft. Klokka ti eller ni, alt etter som kva for tid du vel å bruke, var vi på vei over fjellet til Treriksrøysa. Vi hadde håp om å komme oss heilt til Gappo, for vi tenkte at det ville bli litt kort å gå berre til Goldajavri, og så sitte der heile dagen. Eg hadde aldri gått over Malla før, men det er verkeleg ein flott tur - glad eg hadde fått låne eit kamera av Inger-Lise, for nydeleg var det. Etter fire timar, med pause, var vi ved finskehytta og stoppa for lunsj. Eg var begynt å bli sårbeint, men ville gjerne gå vidare, så vi braut oss opp og traska vidare mot Gappo. Og denne gongen fekk eg tatt bilder ved Treriksrøysa - sist eg var der var det -35, og batteria i kameraet daua då eg fekk det ut av jakka...

På veg opp mot Golda-haugen gjekk vi forbi to finske jenter som fortalde at dei hadde tatt båten klokka ti (eller ni, norsk tid...). Vi hadde altså gått ei mil lenger enn dei og var på veg forbi dei! Trur ikkje dei blei så motiverte av det, men vi avtalte at dei av oss som kom fram til Gappo først skulle fyre opp. Trass i fleire pauser var vi framme før dei med over ein time, og dei valde å legge seg i den andre hytta! Jaja, vi hadde det fint vi, med finnebiff av lammekjøt og meir raudvin. Og godt det var kort til bingen, for eg var i seng klokka ni (eller ti, finsk tid...). Og sov til klokka seks (eller sju, finsk tid), det er gode ni timar under dyna, og det var i grunnen ein god måte å bruke tid på.
Mandagen var tåkete. Veldig tåkete. Vi hadde snakka om å gå via Pältsa og tilbake, men tåka kom høveleg for meg, for eg var utruleg sårbeint etter søndagens nesten tre mil. Så sårbeint var eg faktisk at eg liksom måtte gå meg i gang etter kvar gong vi hadde tatt ein pause. Men tåka letta og sola skein og varma og naturen hadde tatt på seg polaroid-filteret for dagen. Ein fin tur fekk vi, men dæven så glad eg var då eg fekk av meg støvlane utanfor den finske hytta ved Treriksrøysa! Tigern fekk jakta, og Martin og eg tømte Jägermeisteren - vi ber ikkje spriten heim igjen over fjellet... Det blei ingen sein kveld denne dagen heller, vi bar begge preg av den lange marsjen frå dagen før.

I dag tok vi det med ro, dro seint frå hytta og rydda henne fint. Det var tåke i dag tidleg også, men ho letta etter kvart, og vi fekk nok ein nydeleg dag i fjellet. Vi har hatt nokre fantastiske dagar i tre land, og eg morer meg stort - vermeldinga seier regn i morgon! Eg fekk med meg dei fine haustdagane denne gongen, frå no av er det lyrikkoppgåve for alle pengane. På veg heim, ved Oteren, så vi Tom Frode og friluftslivsgruppa som sto og lempa kanoar. Vi stoppa, og det var utruleg triveleg å sjå han igjen, og han blei akkurat så overraska som han burde då eg overfall han bakfrå!

Takk til Inger-Lise for lån av kamera. Og til Jokke for lån av koseposen hans, sjølv om det ikkje var meininga.

Ingen kommentarer: