23 oktober 2007

Eg sit for stille!

Eg hadde ikkje trudd at noko slikt skulle hende med meg, men i dag blei det brått mørkt på kontoret mitt. Og då måtte Tom og eg køyre litt rundt på kontorstolane våre igjen, slik at rørslesensoren skulle oppdage oss. Vi hadde rett og slett sete for stille!

Dette virkar kan hende ikkje så rart, tenkjer du? Vel, då kjenner du ikkje meg så godt heller, men dei av dykk som kjenner meg, de veit kor sensasjonelt dette var. Eg seier ikkje meir, men det var altså eit vitne der. :-)

Ingen kommentarer: