04 september 2007

Målfolket

Det er ei vanleg misforståing at vi som er med i Noregs Mållag også er tilhengarar av å halde på sidemålet. I det øyeblikket ein syner flagg som nynorsktilhengar er folk flest raske med å halde meir eller mindre lange monologar om kor vanskeleg det er med sidemålet og kor ille det er at ungdomar med norsk som andrespråk må slite med desse to målformane. Men legg merke til namnet: Noregs Mållag heiter det, ikkje Noregs Sidemållag.

Eg var eigentleg ikkje så glad i dette sidemålet eg heller. Men jo meir eg tenkjer på det, desto verre synest eg det er å tvinge folk til å skrive eit mål som er så fjernt frå dialekten deira. Så eg trur eg held på at vi må ha både norsk og bokmål i skulen.

Ingen kommentarer: