10 august 2007

Festskrift til den privatpraktiserande lærar

Den privatpraktiserande læraren er eit av tantepedagogikken sine mest nytta og høgast elska omgrep. Mest nytta fordi det er så viktig å markere avstand til den privatpraktiserande læraren, og høgast elska fordi det er så viktig å ha nokon å skulde på for at elever i norsk skule knapt kan lese. Den privatpraktiserande læraren er den gamle fagnazisten som arbeidde på eiga hand, underviste i einsemd, retta prøver aleine og møtte elevane andlete til andlete. Slikt må vi for Guds skuld halde vekk frå norsk skule i 2007.

Eg trur den privatpraktiserande læraren kunne noko. Og eg trur han i mange høve brukte den tida han ikkje dokumenterte på å arbeide med elevane og faga sine. Men i det pedosentriske skuleverket er det ikkje lov å arbeide på eiga hand, og det faller meg inn at det kan hende er fordi dei kunne komme opp med ein sjølvstendig tanke. Gud forby.

OK, det var sikkert nokre lærarar som nytta fridomen sin til å gjere det same år etter år etter år, uten tanke på om metodane var gode. Men det er eit spørsmål som aldri blir stilt og det vil eg stille no: kan ein ikkje tenke tanken at den privatpraktiserande læraren gjorde det same år etter år fordi det viste seg at han hadde funne ein måte å komme gjennom til elevane?

Eg blir meir og meir svartsjuk på den gamle privatpraktiserande læraren. Når eg blir bombardert med skjema, krav om dokumentasjon og tverrfaglege tvangstrøyer, så ønsker eg meg fridom. Eg ønsker meg tid til å arbeide med faget mitt, tid til å vere fagmenneske, og eg skulle ønske nokon hadde nok tillit til min laudable utdanning til å gje meg siste ordet i planlegginga av mitt eige fag. Er det så mykje å krevje? Eg kan ikkje sjå at det finst gode argument for at eg skal kunne valse over kollegene mine heller, men i team (det er eit av dei verkeleg elska omgrepa mellom tantepedagogikken sine disiplar) kan vi det. Det er då for faen ein årsak til at ein skal ha ei viss utdanning for å kunne arbeide som lærar - det er fordi vi kan faga, og det må vere lov å tru at dei som har utdanninga veit betre enn dei ikkje-utdanna kordan faget skal planleggast. Det same gjeld for elevmedverkning: det er ein årsak til at elevane ikkje underviser - dei er ikkje kvalifiserte! Er det ikkje litt bakvendt å la elevane styre fag dei ikkje kan?

Eg er nok gamaldags, eg. Tenk det, 31 år, med tigertrøye i str. 7-8 på meg og med tøytigeren på armen er eg gamaldags og bakstreversk. Eg som berre ønsker meg litt tid til å gjere jobben min.

Fagnazist søkjer offentleg konsesjon til privat praksis! Anyone?

Ingen kommentarer: