17 august 2007

Det Vonde Imperiet, del III

Eg har snakka om det før, og no trur eg det er på tide å syte litt igjen. Eg likar ikkje Det Vonde Imperiet, dei gjer kvardagen foran eit tastatur til ei prøving, berre fordi eg har ein tanke om kordan eg vil ha dokumenta mine.

Den siste frustrasjonen no er faktisk tastatur. Eg har eit gamalt tastatur frå den gangen eg kjøpte min første datamaskin, det trur eg var i 1996. Det er eit slikt ergonomisk eit, du veit, et slikt som ser ut som om nokon har lagra det i mikrobølgjeomnen og gløymt å ta det ut igjen før dei skrudde den på. Mikrobølgjeomnen altså. Eg likar det tastaturet eg, sjølv om det tok meg nokre veker å venje meg til det. Så no har eg lyst til å kople det til den bærbare datamaskina mi. Men nei, det gjekk ikkje. Ein skulle ikkje tru at Det Vonde Imperiet sine eigne produkt ikkje skulle la seg oppdagast av ein datamaskin inntatt av Det Vonde Imperiet, men slik er det altså. Det Vondare-Enn-Ein-Skulle-Tru Imperiet har laga sine nye produkt inkompatible med sine gamle produkt, åpenbart for at eg som (motvillig) brukar skal måtte kjøpe nytt tastatur. Min kjære plugga nemleg det gamle smeltetastaturet til sin Linux-boks, og der fungerte det fint.

Vi må stå saman mot Det Vonde Imperiet skal vi ha nokon sjanse. Eg oppmodar no folk til å bruke Linux og Open Office. Måtte Krafta vere med dykk.

Ingen kommentarer: