02 oktober 2015

Klare for haustferie!

Her om dagen fekk eg eit spørsmål frå ein tidlegare kollega av meg: "Ja, saknar du skulen? Vi har jo snart haustferie vi no". Han sto på farten til å reise til fjells, og han veit godt at eg er veldig glad i fjellturar.

"Nei", svara eg, "eg reiser til Hawai'i om ei veke, og skal vere vekke i tre veker, og det ville jo vore vanskeleg med skuleferier." Då blei det litt stille, gitt.

Jaudå, for Jokke er jo ein superhelt som presterer når han skal, så då han hadde den siste sjansen til å kvalifisere seg i Bolton i juli, så gjorde han nett det, og sikra andreplassen i klassa si. Trass i at han kræsja i ein bil og bruka resten av tevlinga til å halde den openberrt skadde venstrehanda skjult for alt som måtte likne helsepersonell. Han er jo syklist, og dei er jo ekspertar på å late som om dei er i orden, og Jokke hadde ein Hawai'i-plass å sikre. Konkurransen er 10. oktober, Jokke har startnummer 1003, og ein kan

Så no sit vi her, det er verkeleg kvelden før, alt er pakka, Tigern har fått på seg alohaskjorta og sykkelen er bretta saman i bag.

Værmeldinga er elendig, det skal regne kvar dag i ei veke, men så på konkurransedagen ser det ut til å bli klårver, nett som det var førre gong, då hadde vi to heile dagar med klårver, og det var konkurransedagen og dagen etter, då Jokke var så solbrend at han ikkje fekk vere ute utan genser.

Eg er sjuk. Det har eg vore ei stund no, dei tre vekene føre denne var eg til og med sjukemeldt med slik håplaus datanakke. Sidan eg likevel var heime tok eg meg tid til å bli forkjøla også. Eg trudde eg var ok i nakken og over forkjølinga, men i går kveld blei eg sjuk att. Rekner med litt trøkk i biholene på flyturen, og så håper eg luftkondisjoneringa ikkje sender meg heilt i bakken. Vil tru eit par timar med saltvatn og snorkling vi løyse opp så eg blir frisk ganske snart.

For eit eventyr det skal bli! Det var så bra førre gong, denne gongen håpar vi på vulkantopptur, og no skal vi surfe!

Ingen kommentarer: