11 oktober 2015

Race Day Kona - frå mannskapssida

Eg såg på Facebook at det var nokon som gjerne ville sjå fleire bilde frå ferien vår, men eg er litt redd for at dei siste dagane har det vore litt lite bildetaking, og særleg frå konkurransen. Eg var som kjent frivillig, og på grunn av røynslene frå Boston maraton (de veit, bomba), så var det ein ganske streng "no bag"-policy. Eg stilte dermed opp med berre det eg sto og gikk i, og med bilnøklane i baklomma på løpeshortsen, så då blei det ikkje bilde frå det. Det var litt synd, for det var verkeleg ei oppleving å vere med som "kokua" - mannskap.

Eg fekk arbeidet mitt i skifteteltet for damer, og skulle i utgangspunktet berre vere der under overgangen frå svøm til sykkel, men endte med å bli litt lenger, dei var berre takksame for at fleire var med. Men det var jammen artig. Eg var av dei som fekk ansvaret for å ta vare på og merke svømmedraktene til proff-damene, for desse skulle til kontroll. Det er som kjent ikkje tillatt å bruke våtdrakter på Kona Ironman, men det er tillatt med slike svømmedrakter som går til knærne. Desse skal ikkje gi oppdrift, men dei gir hydrodynamiske eigenskaper, så dei fleste brukar dei. Etter konkurransen blir altså proffdraktene testa for oppdrift, då, det er derfor dei blir teke ut.

Det gjekk verkeleg ei kule varmt, altså. Det starta ganske greitt, men så rant det inn folk, og vi hadde eit par ganske så sveitte timar. Tilbodet i dette teltet er jo heilt utruleg, eigentleg: alle deltakarane fekk tilbod om å få hjelp til å skrelle drakter, vi plukka ut av poser, tredde på sokkar, lause ermer, kompresjonsleggar (folkens, drit i det - det tek så mykje meir tid å få det på blaut hud at ein kan umogleg vinne stort på det, trass alt er det ikkje særleg truleg at venepumpa sluttar å funke når ein spring!), smørte solkrem, serverte drikke, henta drikke, pakka ut og inn av poser, tørka hår, andlet, ermer og bein. Eg såg ikkje ut etterpå: sveitte, solkrem, saltvatn, cola og gatorade over det meste av meg, eigentleg. Men det var jammen artig, altså. Som "Uncle Bo" sa på infomøtet: "It's gonna be hectic, make it fun hectic". Og det gjorde vi.

Svømmestarten i Kona er magisk.


Då Jokke var der førre gong var skreiv han om at den svømmestarten eigentleg ikkje var så ille som alle skal ha det til, sjølv om han sa, “svømmestarten i Kona er egna til å skremme små barn til å spise grønnsakene sine”, og ein skjønnar det.  
Vi var jo ute på kaia, så vi fekk sjå starten heilt nært. Eg såg sjølvsagt ikkje Jokke, men det var ganske magisk å stå der bak dei og sjå korleis følgekajakkane vendte seg i fartsretning sekunda før kanonen gjekk av. 

Det var mykje fleire folk i teltet på første skift enn på andre, så eg meldte meg til å vere ei stund til, og det var dei alle glade for. Så dermed gjekk det slik til at eg var i T2 heilt til Jokke passerte, så eg fekk heia på han der. Han såg litt forfjamsa ut, og eg var faktisk litt uviss på om han hadde fått med seg at det var eg som heia på han der, men han hadde visst det. Han hadde sykla ganske bra, altså. Vi visste jo at det var grueleg motvind i båe retningar (!) på syklinga, så han dukka opp overraskande tidleg. Her kan de sjå at han sykla så snøgt at fotografen ikkje rakk å få han med seg!
Sidan eg då ikkje fekk heia på han på veg ut Ali'i Drive, måtte eg vente til han kom attende. Trigern hadde vore i bilen heile dagen, og var både ganske lei bilen og ganske varm, så eg tok med meg han til Hualalai Road, der vi fekk kauka litt på han. Det var i følgje Jokke medan det framleis gjekk greitt: 

Vi hadde jo vore nede på Natural Energy Labs eit par dagar før og øvd, så Trigern var overmoden for å møte publikum og å krysse mållinja, så det var neste punkt på programmet. Det tek jo litt tid frå Ali'i del I og Ali'i del II, så Trigern og eg tok ein dukkert så lenge. Som eg skreiv så var eg godguffen etter den teltjobben, og det måtte faktisk tre dukkertar med saltvannsskrubbing til før eg var kvitt mesteparten av solkremen og Gatoraden, men så bar det tilbake til Ali'i der vi venta på Jokke. Overleveringa gikk fint, og de to kunne triumfere i mål. 

























Og det er ikkje berre Jokke og eg og alle de andre som kjenner Trigern som synest dette er litt stas, bladet Triathlete var dei to med i serien med bilde frå mållinja. Trigern meinte det berre skulle mangle, Jokke og eg var litt meir opprømte. Og det er då verkeleg ganske kule bilde?
























Etter konkurransen var det berre å finne kvarandre (lettare sagt enn gjort, men til neste gong skal vi ta fatt med å faktisk ha ei klar avtale...) og så reise heime og slokne. Fælt å seie det, men vi må vel vedgå at vi allereie den kvelden var samde om at det burde bli ein neste gong også!

Alle bilda er frå FinisherPix.
Legg inn en kommentar