Ok, dette kjem litt seinare enn eg hadde tenkt, for eg sleit litt med å få tastaturet mitt til å snakke med mobiltelefonen min..
Jokke og er som kjent i Kona, og sidan det er Ironman i morgon, så måtte det jo vere ein nasjonsparade i forkant. Og her var det mykje rart å sjå. Og så blei det litt småpinleg å vere nordmann. Altså, frå Noreg er det 16 som har kvalifisert seg til å køyre. Dei har vore kjent ganske lenge, og i eit heildigitalt samfunn som vårt burde det vere mogleg å få tak i folk. Til dømes for å avtale å lage trøyer til å syne fram i nasjonsparaden. Men nei. Svenskene derimot, dei syner organisasjonstalent, og stilte blågule og fine. Noreg derimot, heilt samanraska...
Bilda talar for seg...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar