25 juli 2010

Sumaren 2010

Sumaren 2010, ja, kvar blei den av eigentleg? Det blei liksom ikkje skikkeleg varmt i år, og no har eg gitt opp, eg fyrar i omnen og bryggar gløgg, fire månader for tidleg, men faen heller, eg vil ha noko varmt å drikke!

Jokke snakkar om årssnittet for nedbør, og at om sumaren er blaut blir ofte hausten tørr og fin, men eg er skeptisk i år - det kom mest ikkje nedbør i januar og februar, då var det berre tørt og kaldt, så eg trur det kan bli mykje sofakrok og bok til hausten. No som eg har funne ut kor deilig omnen vår varmar, så trur eg det er grenser for kor ille det kan bli.

Ingen kommentarer: