21 juli 2010

Nye problem

Livet som rekkehusfrue har gitt meg eit par nye problem som eg ikkje hadde før. Til dømes hadde eg før aldri problem med småfugl som trost og skjære. I Nordkjosbotn var dei problema eg hadde med fugl, i den grad ein kan seie eg hadde problem med fugl, og det er vel strengt teke ikkje rett og rimeleg å påstå at eg hadde, at ørneparet ved Bomstad ikkje såg ut til å like at vi klatra i fossen deira.

Men altså no: Vi har ein ripsbusk (og andre buskvekster) i hagen, og den har trosten funne. Det plagar ikkje meg så mykje, eg likar ikkje rips noko særleg uansett, men desse bollete fuglane sit på terrassen min og drit medan dei et, og det likar eg ikkje. Gå ein annan plass og drit, jævla bollebæsjefugl!

Det er merkeleg så eigesjuk ein blir av å eige ein hage, altså.

(Eg synest ikkje eigesjuk er eit like bra ord som det engelske possessive, men av prinsipp styrer eg unna engelske ord når eg skriv norsk.)

2 kommentarer:

Unknown sa...

Fire fantastiske forslag:

1. La Tigern jakte!

2. Hvis Tigern er for lat, skaff deg katt. Katt desimerer fort småfuglbestanden i hagen!

3. Sett opp et fugleskremsel (noen cd-skiver i et par tråder funker!

4. Eller, bare gled deg over fuglene, de er små og søte selv om de bærsjer litt. Kjøp terrassevasker til høytrykkspyleren, så forsvinner fugleskiten som snørrunger ut skoledøra når klokken ringer :-)

Ellen sa...

Vel, jeg har litt problemer med å synes vesener som driter sin egen kroppsvekt hver dag er spesielt søte, og der stiller bæsjetrosten i samme kategori som babyer - fine på bilder, liksom, men ikke noe man har lyst til å trekke inn i hagen.