24 juli 2009

Ein augneblink til som frankofil

Det er ikkje heilt likt meg å få fleire augneblink av frankofili i veka, men eg trur denne unntakstilstanden skyldes Tour de France, og denne augneblinken av frankofili er også denne gongen knytta til le cyclisme. Eg må nemlig få uttrykke mi glede over det franske ordet for tempo, altså ikkje som i fart, men som i sykkeløvinga. Berre sjå på dette:

Contre-la-montre.

Mot klokka. Så enkelt, så talande. Så uendeleg mykje betre enn det norske tempo, eg meiner, all sykling held jo eit visst tempo, og også betre enn det engelske time trial, sjølv om time trial er hakket betre. Individuell tempo heiter forresten contre-la-montre individuel, og lagtempo heiter contre-la-montre par équipes. Herleg.

Desse augneblinka av akutt frankofili kan tyde på at eg treng nokre månader i Frankrike igjen, om ikkje for anna så for å minne meg på kvifor eg er truande frankofob.

Ingen kommentarer: