01 juli 2009

Bilete frå Frøs Triathlon

På heimesidene til Triathlon Jels har bileta frå Frøs Triathlon blitt lagt ut no, og eg fann desse bileta av Jokke og meg:Jokke hadde vanlig badehette, og eg anar ikkje om han er på dette biletet, men eg trur det er meg i knallrød hette. Dette er Jokke på veg ut på tredje runde. Han ser ikkje nett happy ut, men stilen er god og det ser ut som om det går ganske snøgt. Ein time seinare eller noko slikt var eg klar for tredjerunden min. Publikum heia masse, så eg måtte gje dei tommelen opp for oppmuntringa, eg trong ho!Så var det endeleg min tur til å gå i mål, det danske flagget var teiknet på at ein fekk springe i mål og ikkje ut på ein ny runde. Eg synest eg har ganske bra stil her, eg, sjølv om eg hadde vondt absolutt overalt. Forresten har eg funne ut at eg ikkje blei sist likevel, det var visst sju i mi klasse, og eg blei nummer seks. Det ble Jokke i si klasse også, og det var ofseleg bra, for i den klassa var det mange!

Bilete: Martin Hansen

1 kommentar:

Guy sa...

Kule bilder.
Grattis med nest siste plass ;-)