16 juli 2009

Dopa syklistar?

For å gjere ein sak heilt klar: eg veit ikkje meir enn dykk om kven som et, insjiererer eller innhalerer kva i sykkelverda. Jau, forresten, vi veit at Tom Boonen snortar, og at Thor Hushovd har hatt i alle fall eitt uheldig møte med lasagne.

Det er sjølvsagt umogleg å seie noko om kven som er dopa. Det har vore så mange dopingsakar dei siste åra at vi kan vere ganske visse på at det er mange i TdF-feltet som er dopa, sjølv om dei ikkje er tekne. Eg er skeptisk til syklistar som aldri har ein dårleg dag, til lag som alltid køyrer utruleg sterkt og som mest ikkje set frå seg utslitne hjelperyttarar på vegen. Når vi veit kor mange som har vore tekne, og som jamnt blir tekne, er det ulogisk å tru at dei som køyrer frå doparane er så frykteleg reine...

Det er synd at dopingtradisjonen står så sterkt i syklinga, for det er jo eigentleg ikkje naudsynt. På 100m springing jobbar utøvarane mot eit objektivt mål: verdsrekorden. Men i sykling er det så mykje anna. Om alle var reine ville sikkert dei beste vore dei beste likevel, det er så mykje anna som spelar ei rolle.

I år har touren forresten vore veldig jamn. Kan hende er det eit resultat av at dopingkontrollane har vore hyppigare og at det er fleire reine ryttarar? I år er det ingen som har vore heilt suverene, kan hende med undantak av Cavendish, men les sprinteurs er ei litt særegen gruppe syklistar. Vidare har fleire av dei franske ryttarane vunne etappar, og ein ryttar på eit fransk lag sit med den gule trøya. Eg har skrive før at eg trur dei franske ryttarane kan vere reine, nett fordi dei ikkje hevdar seg så godt, så det er artig at dei gjer det så godt at dei får sponsorar vidare. Det er i alle fall lov å håpe, men eg er jo ikkje nett optimist...

Ingen kommentarer: