06 oktober 2008

Hurra! OL er avlyst!

Så skulle vettet seire til slutt, og OL-søknaden til Tromsø blir trekt. Nordlendingane gnæg om negative austlendingar og trekk fram det gamle kvadet om nord og sør og fanden og hans oldemor, utan å sjå at dei gjer lite anna enn å skade si eiga sak på den måten. For er det ikkje eigentleg eit godt teikn at den økonomiske rapporten frå Veritas blir teke alvarleg? Eg meiner det må vere eit kvalitetsteikn ved eit styre at det evnar å gå attende på ei sak når dei økonomiske realitetane viser seg å sjå ulike ut enn ved første augnekast. Men nei, her er det surmaga søringar som ikkje likar Nord-Noreg, her er det gjerrig lukking av pengesekken så ikkje nordlendingane skal få noko, alt viser seg å vere eit ledd i den store anti-nordnorske konspirasjonen, leia av alle som er fødd, vakse opp, har budd eller generelt har vore sør for Polarsirkelen, og som har som fellesnemnar at dei kan sjå at det er skilnad på 9 og 19 milliardar kroner. Men dersom det berre er surmaga søringar som ser det, ja då er det kan hende best at styringa av både sport og politikk blir gjort frå Austlandet?

3 kommentarer:

Oslofjord Triatlon sa...

Hurra! Hadde tenkt å skrive noe om dette selv, men så gjorde du det så glimrende!!

Ellen sa...

Takk, Bent! Må innrømme at jeg har ruget på dette innlegget den siste uka, ja... Og som du vet - jeg er veldig glad i Nord-Norge, men det får være grenser for å spille på offerrolle.

Jokke sa...

Når sant skal sies: De skylder ikke bare på søringer i sin allminnelighet. Tove Paule og de tilfeldige idrettslederne har en særlig stor del av skylda. De er liksom sjefskonspiratorene.