07 oktober 2008

Hjartesukk

Eg sit på planleggjingsdag eg no. Eller planleggjingskveld, det er mørkt for lengst. Temaa har vore etikk, internasjonalisering og vurdering. Sikkert fine og viktige tema, og kollegaene mine er dyktige og inspirerande folk, mest alle saman. Vi har mykje nytt og spanande framfor oss: Vg1-elevane våre skal gjennom eit eTwinning-prosjekt i dette skuleåret, og det er jo naturleg at det er vi som er framandspråkslærarar som set i gang dette. Vg2-elevane våre skal på utanlandsekskursjon til våren, eg er framandspråkslærar der og eg, og viss det ikkje blir i engelsk, så har vi mange moglege ekskursjonsmål i historie også: Hellas, Roma, Avignon, Firenze - nei, der har eg vore i år, Venezia, Genova...

Jau, det er berre å begynne planlegginga, få kreative idear til utanlandstur(ar), til eTwinningsprosjekt, men vi må for all del ikkje gløyme midtterminvurderingane (og dei skal gjerast skikkeleg!) eller IOPar eller elevsamtaler eller å skrive og bruke konkrete og klare vurderingskriteriar på kvar prøve eller konkrete og klare meldingar til elevane, og...og...det var ein ting til, men det har eg gløymt no. Det er så utruleg mykje vi skal setje oss inn i heile tida, korleis skal vi klare å gjere så mykje som ein brøkdel av det skikkeleg?

No kom eg på kva det var eg hadde gløymt: førebuinga til undervisninga, det var det. Den viktigaste jobben vår ser ut til å bli gløymt i alt det andre. Tru om det blir noko kunnskapsløft av det?
Blogged with the Flock Browser

Ingen kommentarer: