08 oktober 2008

Det utvida toppturomgrepet

Vi som har ein hang til å gå på toppturar møter ofte folk som lurar på kvifor i all verda vi vil oss sjølv så vondt? For det er jo strevsamt må vite, å slepe seg opp på ein topp medan sveitten renn og låra skrik etter luft, berre for å ta eit bilete, sjå seg rundt, gjerne i tåka, og så gå heim igjen. Nokre av oss ler til og med av galskapen, og gliser godt av det meiningslause i det heile. Og dei fleste av oss har nok lært oss at det beste svaret på dette spørsmålet rett og slett er at viss ein ikkje skjønar det sjølv er det ikkje noko poeng i å forklare det, dette er ei legning, altså.

Men eg skal likevel ikkje stikke under eit stegjern at eg har lurt litt på kva som driv meg til topps, enda det ofte går mykje finare stiar i dalbotnen. Det er to ting ein får ut av ein topptur, det eine er at ein får eit mål for trimturen, og det gjer mestringskjensle. Det er bra. Det andre er utsikt, i alle fall i bra ver, og her trur eg vi er ved kjerna. For når vi har utsikt, får vi også kontroll på omgjevnadane, og som vi alle veit, så ønskjer dei fleste menneske å få kontroll på omgjevnadane sine. Som Tigern visst nok ville vore samd i, så er menneska så dårleg utrusta til å improvisere i møte med andre folk og fe, at ei viss oversikt og dermed kontroll over omgjevnadane vil vere avgjerande for å stå han av. Å klyve opp på Falketind til dømes kan gje oversikt over både kvar reinsflokkane er, kvar den konkurrerande nabostamma er og kvar ulveflokkane er. Oversikta aukar evna til å overleve, og ho gjer det mogleg å få ei peiling på korleis den nære framtida vår vil vere. Toppturane er altså eit utslag av eit instinktivt (?) ønskje om å få kontroll på omgjevnadane våre.

Så tenkjer eg litt vidare, er ikkje dette det same som driv folk inn i religiøse funderingar? Religion handlar jo eigentleg om å forklare verda, kvar kjem vi frå, kvar går vi, korleis kan vi påverke framtida vår, til og med etter at vi er nedgravde? Dei religiøse funderingane begynner der vi tinderanglarar gjer oss - dei begynner bak dei neste tindane, dit vi ikkje kan sjå sjølv, men må ty til andre løysingar for å få kontroll. Så når eg går attende til leiren og sprett ein øl og er nøgd med dagen, då tenkjer dei meir åndelege av oss på kva som ligg framfor oss, både i livet og bak neste fjell. Det må vel kunne seiast å vere det utvida toppturomgrepet, vel?

Ingen kommentarer: