02 august 2008

Så skrudde eg ned farta litt

Etter ein sumarferie som har vore prega av full fart og litt høgdesjuke fekk eg skrudd ned farta litt denne veka. Kom heim frå Franskriket forrige torsdag, heim til 28 varmegrader og strålande sol. Forrige helg var eg berre saman med Jokke, og det var deilig, livet er jo betre med Jokke. Laurdag kveld dro vi til Bysetermåsan, satte frå oss bilen og gjekk nokre små kilometer til ein teltplass vi hadde sett oss ut. Der spiste vi jordbær og knerta ein turkartong med raudvin før vi la oss til å sove under open himmel. Tigern var i superhumør, han fekk jakte heilt som han sjølv ville, med med oppmoding om å ikkje prøve seg på vannjakt, han blir så trist å ha i posen etterpå.Mandagen skulle eigentleg Kari komme til Rælingen med i alle fall to småjenter, men det var visst utsett til tysdagen. Men eg tenkte som så at når veret var så fint burde ein jo nytte det, og Morsan var ikkje vrang, ho blei med til Myrdammen, veit du. Så der låg vi då, i solsteika, heile dagen, spiste Ritz crackers og brødskiver med tomat og drakk cola, nett slik det skal vere å vere på Myrdammen med Mamma. Det var alltid slik før, og det er alltid slik no. Tradisjon, altså.

Tysdagen kom rett nok Kari med minst to småjenter som viste seg å vere tre småjenter. Så vi rigga i stand to bilar og dro i veg. Det var veldig triveleg, og eg fekk både herja litt med dei to minste og dessutan prøvd meg som ferje for Ingrid som ikkje kan symje enda. Det var overraskande tungt å halde to menneske over vatnet på den måten, men moro var det lell.
Onsdagen dro Pappa og eg til fjells, fylte Chevroleten med masse rart og køyrte i veg, mot Gudbransdalen og tilslutt Venabygdsfjellet. Der lynte og tordna det valdsamt då vi kom, men det ga seg etter ei stund. Så fiska vi litt og prata meir, og så tok eg nokre fine bilete:Pappa hadde skaffa seg ein luftmadrass til å ha i bilen, og det så veldig bra ut. Heilt til ein av oss lea på oss, då blei det berg-og-dalbane for den andre. Sidan både Pappa og eg spring på do heile natta lå det an til å bli ei strevsam natt for oss begge, men eg er og blir ei bingesterk dame, så eg purka stille og roleg heile natta, Pappas turar ut og inn gjekk meg bil forbi... Han hadde ikkje sove stort, så vi bestemte oss for å dra heim, men først etter frukost:

Ingen kommentarer: