25 august 2008

Heldigare enn vi trudde...

Då Sheri og eg gjekk Mont Blanc i sumar hadde vi til tider heilt utruleg flaks, særleg sidan vi både fekk bra vær og enda betre - at vi fekk plass på Goûter i heile to netter, nok til å kunne berre gå ned dit igjen etter toppen.

Dei som prøvde seg i går var ikkje like heldige som oss. Eit snøskred tok med seg 8 klatrarar på veg mot toppen i går. Skredet gjekk, så vidt eg kunne sjå frå fjernsynsbileta, i veggen opp mot Mont Blanc de Tacul, like etter Col du Midi. Dette er den første stigninga i Three Monts ruta som går via Mont Blanc de Tacul og Mont Maudit. Ruta er kjent for å vere skredutsett, skjønt ikkje nett der skreda gjekk denne gongen.

Det har vore ein del uhell på Mont Blanc i sumar, som alltid, men det kjem litt nærmare når ein har vore der sjølv. Saman med K2-uhellet har vi tinderanglarar verkeleg fått ei påminning om at vi leikar med krefter vi ikkje kan gjere noko med.
Blogged with the Flock Browser

Ingen kommentarer: