27 mars 2007

Kommunikativ dengeball – kampreferat


Nykommarane begynte bra og fekk vist seg fram, men kampen endte med 0-0 og intern kollaps. Står sesongen til å redde?

Initiativrike nykommarar
Det begynte bra, laget gjekk offensivt ut, og det var ikkje mangel på initiativ og vilje til å vise seg fram. Løpsvilja var stor, og kampmoralen større. Men det viser seg så altfor tydeleg at dei har store kommunikasjonsproblem, laget vantar korkje løpsevne, teknikk eller playmakarar, men dei slit med å spele kvarandre gode. Det kan virke som om disiplinen i laget ikkje er god nok, nokre av spelarane prioriterar egoet framfor laget, og klarar ikkje å sjå at dei alle spelar same veg.


Indre kollaps
Laget hadde disiplinproblem frå kampstart, men greidde seg ikkje så verst likevel, takka vere den samla løpsstyrken. Rett nok gjekk pasningane både hit og dit, men det er ikkje nytt, og mykje blei henta inn av lagkameratane. Problema oppsto når nokre av spelarane blei trøytte av å bruke all krafta si på å hente inn feilpasningar og forsvarstabbar, og sette grønskollingane på plass. "Kor du har det i fra?" "Æ fann det i personalhandboka her" "Men den her e jo frå 2001 - skal vi ha nån sjangs å bli enig så må vi forholder oss tel lovverk så har vore i bruk etter Den Store Nordiske." Litt uti andre omgang var kollapsen eit faktum. Ein av spissane fatta slett ikkje at lagkameratane var lagkameratar, og blei frykteleg frustrert då han blei konfrontert med det. Personangrep er kjekt å ha når saka er svak, og så var det klart for hofteduell: "hadde du nokon gong arbeidd, og ikkje berre sitte på ræva og lese, så hadde kan hende du og komme til ei anna erkjenning!" - "Eg skjønar frustrasjonen din, det er mykje god kunne som ikkje er tilgjengeleg for dei som ikkje kan lese." Det var tydeleg at dei andre prøvde å snakke med han, men ut i frå den vidare laginnsatsen så det ut som om det ikkje nytta. Det verbale basketaket blei etter kva vi erfarer vidareført i garderoben.

Er sesongen øydelagd?
Slik denne kampen utvikla seg spør vi oss sjølve om laget kan klare å hanke seg inn igjen? Det ser ut til at kommunikasjonsproblema og usemje om strategi kan ha sabotert denne sesongen. Korkje trenar eller spelarar vil uttale seg til avisa, men det er klart at skal dette fungere, så må det klar betring til. Det er ikkje lett å spele i raude og grøne trøyer når halve spelarstallen er fargeblind.

Ingen kommentarer: