31 august 2011

Fart og sjølvtillit - biverknadane

Etter at eg las Tonje Glimmerdal av Maria Parr, har eg hatt "fart og sjølvtillit" som motto når eg syklar terrengsykkel. Overraskande ofte er det berre sjølvtillit nok til å halde farta oppe som skal til for å nedkjempe hindringane, men det heile er lettare sagt enn gjort. Men eg prøver i alle fall, og ofte går det bra.

Ulempa med fart og sjølvtillit er at når det først går gale (og det gjer det jo), så går det gale i mykje større fart, og dermed blir jo også konsekvensane litt verre då. Førre veke køyrde eg med stor fart og enda meir sjølvtillit ned ein skikkeleg steinete veg, og det gjekk kjempefint heilt til det stoppa. Langt, fint skrubbsår på leggen, blåmerker på knær og armer og gjørme overalt.

I går gjentok det heile seg, og då var det kneet som fekk seg ein skikkeleg trøkk. De veit, ein slik ein som gjer ein heilt nummen i beinet i fleire minutt før alt brått er heilt greitt og det berre er å tråkke vidare. Biletet er av Ellen som kjøler ned det vonde kneet i den kalde måsan. Takk til Jokke som var fotograf, og som berre flirte littegrann.

Ingen kommentarer: