06 august 2011

Møbelprosjekt 2011

Dei trufaste lesarane vil nok hugse det dels traumatiske møbelprosjektet Pappa og eg kjempa oss gjennom i fjor. Det var mykje vondt med det, med fornekting, pussestøv, malingfjernar og anna jævelskap som berre nokre av ingrediensane. Nett difor var det med litt blanda kjensler at vi redda denne skipsstolen frå dynga i våres:
Fra 201108 Møbelprosjekt
Stolen har tidlegare budd på andre sida av veggen på biletet, men blei utvist då ein eller annen brått havna på graset ein gong på seinsumaren i fjor. Men stolen er kjempefin, ein flott gamal skipsstol i teak. Som altså berre trengte nytt trekk.

Det byrja ikkje så verst, Jokke fekk tak i maritimt blå- og kvitstripete møbelstoff på første forsøk, og etter det har det berre stått på tiltaket. No i dag, på (truleg) årets siste godvêrsdag, skulle stolen bli ny.

Det er godt at naboane våre har høg toleranse for hamring, seier eg.
Fra 201108 Møbelprosjekt
Men vi blei då ferdige til sist, og då kunne rekkjehusbonden verkeleg kose seg:
Fra 201108 Møbelprosjekt

Ingen kommentarer: