Førre sundag kvalifiserte super-Jokke seg til Hawaii, og slikt må ein jo feire. I går var dagen han skulle gjerast litt stas på, og vi i gang.
Først byrja vi med sprudlevatn i nyrestaurert skipsstol:
Før vi rigga til ved det førre, også vellukka (men akk så strevsame) møbelprosjektet. Her er førstepremien (plastdingsen med raud M på), deltakarmedaljen, champagne (Nicholas Feullatte - veldig god champagne!) og krabbeskjell med alt det vanlege attåt. Legg merke til Union Jack-serviettane, det var jo i England det skjedde. Eg kjenner at den anglofile delen av meg (som rett nok er bra dominant) fryder seg litt over at suksessen kom i England og ikkje i Frankrike.
Gratulerer Jokke, la oss feire!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar