02 august 2011

Venninnehelg

Ingrid har vore her i helga, og det var kjempetriveleg, nett slik eg visste det ville bli. Diverre måtte eg arbeide litt både fredag og måndag, men vi fekk oss to heile dagar og tre fine kveldar med Poirot og Emma på tven.

(Eg elskar Get-boksen min, men det kan eg skrive om eit eiga innlegg ein annan gong.)
Laurdag dro vi til Lillestrøm, og til Losby gods, må jo syne fram det som er verdt å sjå på her på Romerike. Dessutan var det jo knallvêr, for omtrent første gong i sumar. Snakk om flaks! Først var vi ein tur innom Lillestrøm kyrkje for å sjå på Henrik Sørensen-altertavla av ein veldig blond Jesus. Ein kan ikkje sjå det så godt på dette biletet, men han kjem verkeleg ut av veggen, det er veldig imponerande. Sjølv om han altså er blond, og det er jo litt teit eigentleg.
Deretter dro vi til Losby der vi faktisk fikk sjå oss rundt sjølv om dei stelte i stand til bryllaup der. Skal seie brudeparet var heldige med vêret, altså! Her er Ingrid med den stilige solhatten utanfor hovudinngangen til Losby:
Søndag gjekk vi tur langs Sagelva før vi spaserte til foreldra mine på middag. God middag og godt selskap!
Så no håper eg berre vi får det til att ein annan gong også!

Ingen kommentarer: