01 april 2011

Basilisk på Lillestrøm

"Vennligst hold avstand til passerende tog i spor 3"

Og då, nett då Flytoget suste forbi pendlarane på Lillestrøm stasjon i dag tidleg, skjønte eg kva det er med basilisken i Chamber of Secrets som irriterer meg så fælt - han er jo heilt lik Flytoget! Og når Harry Potter sloss med basilisken inni hovudet mitt, så er han elegant og stilig, han ser ikkje ut som eit tog:
No skal eg vedgå at eg synest flytoga er veldig elegante, men eg vil halde på at vonde fantasidyr og tog stiller i ulik klasse, og det er ikkje berre vektklassa. Nei, eg meiner at slemmingane på film også skal vere stilige, og min basilisk, altså han eg hadde inni hovudet mitt då eg las boka, han ser om lag slik ut:
Fin?

Ingen kommentarer: