03 mars 2011

Oppmoding

Eg har, som nokre av dykk truleg har fått med dykk, hatt problem med e-posten min dei siste dagane, altså gmail-kontoen min. Eg trudde først eg var blitt råka av ei litt forseina utgåve av Gmail-slettinga, men no trur eg at eg berre blei hacka. Og det av ein kinesar. 21 timar etter at jævelen hacka kontoen min fekk til og med Google det med seg, og varsla om at jaggu hadde ikkje ein ...... (sett inn høveleg ukvemsord etter eiga ønske) vore inne på mailen min. Den lille ....... hadde dessutan skrudd på vidaresending av mail til denne djiijii@yahoo.cn, og her er oppmodinga: har de eit fint skjellsord, gjerne på mandarin, kantonesisk eller engelsk, send gjerne ei setning til denne djiijii@yahoo.cn der de inkluderer skjellsordet. Få det ut!

Til de andre som kan hende har sendt mail til meg, djiijii har han, send på nytt, no har eg fjerna vidaresendinga.

Og for dei som lurer: ja, eg har sperra kredittkorta mine.
Legg inn en kommentar