25 november 2008

Tortur?

Eg høyrte på radioen i dag at eit eller anna forbund eller kva det no var har meldt Noreg inn for FN, åklaga for tortur. Grunnen er nemleg det at det finst ein del folk her i landet som blir trøkka i medisin mot deira vilje, av di dei ikkje skjønar at medisinen er til deira eiga beste. Vi snakkar om psykotiske folk, altså. Og dette er altså tortur.

Nei, det er ikkje det! Det er faen steike meg ganske langt i frå elektriske støt mot kjønnsorganar, opphenging etter armane (med skuldrar ut av ledd som resultat) og knuste kneskålar til tvangsmating av pillar. Og det er ei ganske så grov fornærming mot dei som har opplevd ekte tortur å kalle pilleknasking for tortur.

Skjerp dykk.
Blogged with the Flock Browser

Ingen kommentarer: