30 november 2008

Ny frisk

Det har komme sny her i Tigerstaden, og eg har hamstra ullstrømpebukser og ullstrømper og ullsokkar og alt anna som er mjukt og varmt. I går var det ordentleg trasig vinterver med sideveis sludd og regn, og alt samla seg i eit tommetjukt glatt og slimete slapslag som ikkje berre er sleipt å gå i, men som ein blir blaut av også.

Samstundes har det vore bra kaldt i det siste, og vi merkar på marka at den har frosset til. Med litt flaks blir det fint grunnlag for skiføre når myrene frys og snyen legg seg oppå. Men nett no er det bra trist ute, altså, sjølv godver i dag kunne ikkje heilt endre det inntrykket.

Det nærmer seg jul, så no må vi vel kunne seie at vi klart har komme over i vinteren, så her er det nye vintertemaet.

Ingen kommentarer: