08 mai 2007

Skiføre for dei innbitte

Eg har komme til den erkjenninga at eg nok må reknast som noko innbitt når det gjeld skigåing. Det gjeld Martin også. I haust dro Martin og eg til fjells med ei gong vi kunne ane eit tynt kvitt lag sny, surra skia på sekken og dosa opp lia. Til å begynne med måtte vi gå heilt opp til Bomstadhaugen før vi kunne sette på oss skia. Det var sunt for kropp og sjel, men ikkje for skisålene, så Martin spadde fram eit par gamle smørefrie til meg så eg skulle sleppe å skrape opp dei ordentlege skia mine. Det var omsorgsfullt, syntest eg.


I fjor kom snyen medan vi var på personalseminar på Hurtigruta. Vi kom heim til Nordkjosbotn fredag kveld, slitne og trøytte, og med ein lett hovudverk etter for mykje tenking på seminaret. Tjue minutt etter heimkomst fekk eg SMS frå Martin: "d er kjørt spor". Hovudverken forsvant i det same hattefokket som fekk skia fram frå boden, eg inn i Swix-dressen og mesteparten av blåswixen på såla (resten blei elegant men illeluktande integrert i anten steikeplata eller smørejernet). Eit hattefokk seinare lå eg i pesande driv bak Sivertsen. Smilte gjorde vi begge...


Så kom mildværet i november, og med det følgde haustdepresjon. Turen til Gappo på hålke opp Signaldalen og sikk-sakk mellom steinar fekk oss til å stille spørsmål om denne turgalskapen. I etterkant var vi samde om at det hadde vore ein triveleg tur, men fin? Nei, ikkje fin. Sjølv om vi såg eit overjordisk (bokstaveleg tala) nordlys på vegen opp. Og skia mine har ikkje vore så fint steinslipte verken før eller sidan.


Vi hadde ein tur til Storvannet også, på eit slags skiføre, i eit slags snøver:


På veg ned igjen derimot blei det spanande. Skiføret kan best skildrast som sporadisk, og med god fart og tung sny er det ikkje alltid opp til meg om det skal gå bra. Men Basse børna ned lia, hoppa over grastustane og sikta på bekken. Hasardiøs kjøring!


Over bekken blei det enda meir spanande. Eg sa det på veg til Pertind sist helg, og eg seier det igjen: eg har gått over snøbruer som har vore tunnare enn dei kladdane eg hadde, og i går gjorde vi det igjen!

Ingen kommentarer: