02 april 2013

Tjukkas!

...og der! trudde de at dette var eit innlegg i fedmedebatten, eller kva? Men nei, dette er eit innlegg om rein glede, nemleg terrengsykling, og denne gongen med Tjukkas.

Eg fekk låne denne artige affæren av Lena, og ut på tur det bar:
No skal ein vel tilstå at Lena og Tore klarte seg fint på piggdekka dei fleste stadene, men artig var det lell. Sykkelen er jo svær som eit hus, 17", og det er og blir litt svært. Men dæven så artig det var å køyre rundt på fine løyper i Romeriksåsen! På snø! Eg har aldri sykla på snø før, eg! Ekstra stas var det at eg klarte å komme meg opp eit par kneikar som dei andre sa var vanskelege.

Når det så blei pause med applesine og banan, var det berre å glise, altså:

Ingen kommentarer: