03 april 2013

Nytt Glis

Her i huset har det ikkje vore dei store eskapadane i påska, eg har stort sett vore heime. Heimepåske treng ikkje å vere keisamt. Jokke og eg, særleg eg, har nemleg kjøpt bil. Jokke er jo i Mazar-e Sharif, og har ikkje sett Gliset enda, det blir ganske spanande.

Her er Gliset i nokre få bilete. Først førarsetet:
Deretter det som er viktig, nemleg plassen baki:
Lua er teke med for å vise kor brei bagasjen er. Neida, lua er berre rot, eigentleg. Til sist eit bilete for å syne at eg køyrer ein svart bil:
Eller eigentleg er han mørkegrå, ein kan sjå det i solljos dersom ein går litt inn for det. Jau, og dei som bryr seg om slikt kan også sjå at det er ein Subaru. Eg brukar å late som om eg ikkje veit så mykje meir enn fargen på bilen eg køyrer, men sanninga er at eg mest kan fortelje dykk om sylindervolumet på denne her, altså. Ikkje heilt, rett nok. Men eg veit at det er 1660 liter bagasjeplass. Og fire sylindrar. Og boxermotor. Og ein del anna, men eg likar å halde på imaget som ho som køyrer ein svart bil. Som altså er grå, men de skjønar teikninga.

Jau, forresten, eg må jo også syne at det er god plass til handveska mi baki:
Ok, eg vedgår det: eg er rett stolt av Gliset, altså, og det er utruleg digg å køyre ny bil.

Ingen kommentarer: