02 april 2013

Påske!

Eg er fødd på påskeaften, så derfor er det alltid litt høgtid i Blomstervegen i påska, sjølv om eg berre har bursdag i påska annakvart år eller deromkring. Ein av tradisjonane er at eg må ut i hagen og leite etter påskeegg.
Påskeharen har utruleg oversikt, altså. I år skulle eg reise vekk på sjølve påskeaften, og dermed måtte eg dra tidleg. Påskeharen hadde kontroll, og hadde vore der før middagstider, veit de. Han har også kontroll på at Jokke ikkje er heime, dei føregåande åra har haren vore der med eit egg til kvar av oss.

Påskeharen leverer altså, ingen grunn til å ikkje tru på han.

Ingen kommentarer: