22 april 2010

St. Petersburg med omegn

Eg må seie eg synest det er litt glamorøst å ha vore to gonger i St. Petersburg på ein månad, altså, særleg fordi eg har feira båe gonger også - sist gifta vi oss, denne gongen fylte eg år. Ganske mange av dem. År altså. Og hotellet stilte med sjampanskae og småsjokoladar på rommet:
Men, mykje hendte før den tid. Torsdagen då vi dro var vi blant dei siste som fekk fly ut i frå Gardermoen i asketåka, og vi byrja tenkje at kan hende ville vi bli sitjande fast på heimturen denne gongen også, sist Frogn vgs var på personaltur fekk vi jo ei strafferunde i Bologna. Slik blei det også, men eg skal skrive eit eige innlegg om heimturen, den var riktig artig nemleg.

Torsdagen kom vi fram ved totida, gjekk rett i ventande buss og blei køyrt rundt i byen med guide. Eg har jo sett det meste frå sist, men det var flott å sjå byen i vårprakt og ikkje slaps. Og det er ein veldig flott by, sjølv om han er litt sotete. Obligatorisk stopp ved børsplassen med utsyn over til Vinterpalasset og til Peter & Paul-katedralen og festninga. Og dei første kjøpte luer.På kvelden var vi på restaurant Troika, fekk nydeleg mat og så ein ikkje like nydeleg kabaret. Tenk på alle fordomane du har om russisk stil, og det her var omtrent slik. Første gongen eg har sett ein dansar med mage, men det mest minneverdige, og eg er ikkje viss på om det er positivt minneverdig, var fjærkostymene til dei mannlege dansarene... Det er tydeleg at russiske menn er veldig trygge på seksualiteten sin, men det blei litt for mykje for magen min, altså.Fredagen begynte med at Astrid og eg shoppa litt utanfor Blodskjerka før vi dro på skulevitjing til Gymnasium 2, eit prestisjefylt gymnas ikkje langt frå hotellet. Forresten, fekk eg med meg at vi bodde på hotell Astoria? Herleg, altså, nydeleg hotell, veldig glam.

Jau, det var denne skulen. Etablert under Aleksander I, trur det var 1807 eller noko slikt. Vi fekk helse på ein førsteklasse som sang ein engelsk sang for oss (dei var utruleg søte, og veldig flinke!) og ein avgangsklasse som dreiv med matte. Mattelærarane var litt usamnde om kva årstrinn det dei dreiv med tilsvara heime i Noreg, men det var snakk om R2 eller R1, eller 3MN eller 2MN for oss som ikkje heilt heng med i tida. Elevane var like gamle som våre tiendeklassingar forresten. Skulen var både flott og falleferdig. Bygningane var generelt sett slitte men pene, ei due kom flaksande inn i samlingshallen deira medan vi høyrte på, så der var nok taket lekk, men stastrappa deira er noko einkvar norsk skule med respekt for seg sjølv burde ta ein titt på og bli inspirert:
Fredagsettermiddagen var til fri disp og Astrid og eg shoppa meir, etter å ha henta billetane våre på Mariinskij-teatret. Deretter gjekk vi via Nikolas-katedralen og Grostinyj Dvor attende til Blodskjerka for å shoppe meir. Eg kjente meg litt matt då vi var attende på hotellet for å ete før vi skulle på teater, og etter å ha lagt inn fredagens marsj i dailymile.com fann eg ut at vi gjekk over 16km den dagen, 3 av desse på høge hælar! Ikkje rart eg sov godt...

Laurdagen var vi på festninga og inne i Peter og Paul-katedralen. Eg har vore her også før, men her er i alle fall biletet av ikonostasen:
Etterpå stoppa vi på ein PECTOPAH som hette Russian Kitsch, noko som var eit treffande namn. Her sette kelnarane ny pers i sein servering og vi rota bort masse tid som diverre blei teken frå Vinterpalasset. Eg tok eit par bilete frå restauranten, men dei skal Tigern få lov til å blogge, for eg tok dei for han. Vi fekk berre snaue to timar på i Eremitasjen denne gongen, og det er altfor lite, men til gjengjeld hadde vi ein utruleg flink guide, norsktalande Katja. Så då passar det vel å runde av med eit flott bilete av Vinterpalasset?

Ingen kommentarer: