31 januar 2010
I overgangen
Eg heldt eit lite improvisert litteraturhistorisk foredrag om gotikk for Mamma i dag, takk til ho for at ho høyrte tolmodig på meg, og då kom eg inn på at eit trekk som går igjen er overgangsfaser. Overgangen mellom liv og daud, galskap og normalt sinn, menneske og dyr er alle element ein kan finne i gotisk litteratur. Og då kom ho med eit gullkorn: ho kjente seg nemleg igjen i denne overgangen, der ho finn seg sjølv i overgangen mellom den verda som ho kjenner, og denne verda der teknologien lev lukkeleg saman med menneska. Eg synest det var utruleg godt sagt, og vi flirte litt av det, Mamma og eg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar