01 juli 2008

Eg er klar.

Laurdag er Seigmann. Eg skal gjennomføre den første halve jarnmanndistansen min, og sjølv om eg gruer meg er eg jamnt over positiv. For eg trur verkeleg på gjennomføringa denne gongen. Eg har hatt Seigmann som mål i to år no, men i fjor måtte eg kaste inn håndkleet då eg i juni ikkje klarte å springe meir enn ti minutt utan smerter i kneet. På ein god dag. Men i år skal det gå. Eg sprang halvmaraton i terreng i mai, eg har ein del timar på sykkelen bak meg, og eg daua ikkje av skrekk då eg sumde aleine i Nøklevann for ei veke sidan. Eg har sykla 90km på ein vanleg torsdag, eg har sprengd halvmaratongrensa og eg gjorde det etter å ha sykla opp Nesoddbakkane først. Denne gongen har eg trua.

Eg trur medaljeutdelinga vil skje utan meg, og Jokke må nok røkte grillen nokre timar før eg er i mål, men no skal det gå. Så får farta komme seinare.

1 kommentar:

Anonym sa...

Lykke til på lørdag! Ser ut som du har forberedt deg godt - seige fjellturer i Nord-Norge teller vel også.

Når du kommer i mål får du reklamere med at Skaubygdaløpet er perfekt testløp for de som liker å spare skjøre knær.

Selv kjører jeg intervalløkter to ganger i uka nå - sjokkterapi må til for å røske denne gamle kroppen ut av dvale.