27 mars 2008

Kvileveke!

Eg har gått rundt og trudd eg berre var lat denne veka, eg. Eller at eg var stressa fordi eg har hatt så mykje å gjere på jobb. Men så kom eg over eit innlegg på Oslofjord-forumet som opplyste meg om at eg eigentleg har hatt kvileveke, og at eg har hatt kvileveke som eit ledd i den systematiske periodiseringa som skal gjere meg optimalt klar for Seigmann til sumaren, og at eg på den måten syt for å ikkje bli overtrent.

Ingen kommentarer: