03 januar 2008

Det første bloggåret mitt er over

No er det på tide å summere opp høgde- og botnpunkta i 2007. Eg har dårleg hugs, så det kan hende det blir få botnpunkt. Eg trur eg skal bruke ei liste eg.

Høgdepunkt
  1. Flytte saman med Jokke
  2. Pudderkøyring på Pertind, mars
  3. Pudderkøyring på Pertind, april
  4. Bratt pudderkøyring på Sørfjellet, mai
  5. Duett med Jens Pikenes (sukk...)
  6. Blekksprutpølser
  7. Nordlys laussnøkøyring
  8. Frogn vidaregåande skule
  9. Andletet til Ingrid då ho fekk dengeballkølle
  10. Hausttur i Troms i nydeleg ver
  11. Kobbekjøt
  12. Nordlys fyllesparking i Nordkjosbotn (dei andre aktørane skal få vere anonyme)
  13. Nytt bad
  14. Kviss-seirar på Kjellerstua

Botnpunkt

  1. Bjørnholt skule
  2. Flytte frå Balsfjord
  3. "Sumaren" i Sør-Noreg
  4. Bakglatte ski i Balsfjordmesterskapet
  5. Bakglatte ski i Piggtindrennet
  6. Bakglatte ski på Norefjell
  7. C på eksamen x 2
  8. Tigern blei bortført (men kom att)
  9. Prinsessenytt (Dagsrevyen)

Eg noterer til mi eiga overrasking at eg har klart å komme på mange fleire høgdepunkt enn botnpunkt. Eg er da ikkje så positiv til vanleg?

Ingen kommentarer: