22 februar 2014

Mini-break til Stockholm, dag II

Laurdagen kom med nydeleg solskin, så vi sette ut for å traske Stockholm. Først måtte vi sjølvsagt utforske skuta, samt ta eit par bilete av skuta og omegn. Under ser de Jokke og nabokåken. Om sumaren er det restaurant der, så vi må attende og teste den.
Biletet under skjønar de visst at er hovudmasta til af Chapman, eller kva? 
Deretter traska vi utover frå af Chapman og utover mot Kastellholmen. Her har det vore sjøkrigsskole og militærforlegning og slikt, så Jokke kjente seg veldig harmonisk (Jokke får lågare puls av å sjå kaserner, det er ein miljøskade) og glad. Det var jo så nydeleg ver, så vi slo fast at første mål for dagen måtte vere å kjøpe solbriller.

Det ligg fritidsbåtar overalt i Stockholm, og somme av eigarane er visst like opphengte i å kveile tau pent som det eg er. Sjølv eg blei imponert av det her, altså, og eg er jo ganske pirkete...
 Her ser de mannleg norsk turist som nyt utsikta og veret: 
På eit tidspunkt fekk eg eit innfall av genialitet, og skrudde på Stravaen. Eg kjem attende til det. 

Deretter: centrum. I Kungsträdgården var det mogleg å få prøve seg på curling, rett nok på plast og med hjul under steinane, men det var ganske artig lell. Jokke var kjempeflink!
Det var storskjem med OS på og ein del arrangement i Kungsträdgården, men det var litt trykka stemning, for dei norske jentene tok jo alle medaljeplassane den dagen, så det var ikkje så mange partysvenskar å få auge på. Dei fleste var veldig rause og tala vent om dei norske utøverane, men sjølv vi synest jo det er litt trist med berre nordmenn på pallen, då.

I Kungsträdgården fann vi åtte svanestatuar. Av ein eller annan (truleg veldig symboltung og kunstnarleg) grunn hadde fire av svanene fått små strikka halsdukar. Det var jo sympatisk, men vi synest vel dei kunne ha pakka på alle åtte svanene når dei først var i gong. 
Etter å ha testa curling, syntest vi det var på tide å spise litt lunsj, og det gjorde vi på ein triveleg liten café ikkje så langt frå svenska armémuseet. Jokke hadde litt lyst til å gå på armémuseet (såklart), men sidan det var fint ver prioriterte vi å vere ute. Vi sto over kaka på caféen (ulikt oss, altså!), for vi tenkte det kunne vere artig å teste fleire caféar. Og rett nok, ikkje lenge kom vi over Östermalms saluhall, der det verkeleg bugna av godsaker, både grønsakar...
 ...og marengs!  
Diverre var det altfor mange andre som også synest Östemalms saluhall var ein fin stad å vere ein laurdags ettermiddag, så vi labba vidare til Akademibokhandeln som til alt hell faktisk hadde ein café i seg. 

Eigentleg var planen å berre vere der litt, for så å hengje oss med på vintercruise i skjærgården, men de veit, Jokke og Ellen kjem seg ikkje ut av ein bokhandel på berre ein time, så cruiset gjekk utan oss. Utruleg nok kom vi oss ut utan å kjøpe noko, men det var mest av di vi hadde byrja tenkje på om ikkje Chokladfabriken litt opp i gata kunne vere rett stad for å ete kake. Og det var det! 

Sju timar på beina seinare var det på tide med ein liten kvil, og dermed var det klart for å sjekke Stravaen. Sju timar hadde vi vore ute, i underkant av to timar effektiv rørsle, og om lag ei mil tilbakelagt på brustein og asfalt - ikkje rart vi hadde vondt i ryggen og såre føter! Eg har lagt lenkje til rapporten på Strava, og ein kan verkeleg spørje seg om vi var edru, ja. 

På kvelden spiste vi på ein triveleg liten argentinsk restaurant i Gamla Stan, og det var ordentleg triveleg. Men kaldt. Aldri gå nokon stad utan vottar, ullue og dunjakke!

Ingen kommentarer: