04 mai 2013

Laurdagskafé på Huseby

Jau, så er det slik at eg har blitt styremedlem i Skedsmo mållag (sjølv om eg framleis er medlem av Balsfjord mållag), og ein av dei aktivitetane dei (vi) driv med er å orge laurdagskaffe på Huseby gård på Skedsmokorset, det er det som er Skedsmo bygdetun, om de lurte. Eg stilte opp, veit de, og traff gamle kjente: Britt frå Samlaget. Det var stas, og vi mimra så høgt og frydefullt om Samlaget at dei var nøydde til å stenge av døra ut til kjøkenet der vi sto og kakla...
Vi steikte vaflar og kokte kaffi, og så gjekk vi ein liten rundtur for å glane inne på bygget etterpå. Og då tok eg sjølvsagt ein del bilete. Eg trur dette må ha vore ein del av det gamle kjøkenet, for det var rett ved sidan av ein diger peis:
Om ein må på do på Skedsmo bygdetun må ein opp i andreetasjen, og det er ikkje så triveleg, for dei treffer ein desse:

 Ok, ho dama er ikkje så ille, men sjå på den halvdaudingen i senga og det blikket til kællen i dress'a! Grøss. Eg er glad Britt åtvara meg før eg gjekk opp, desse er skikkeleg creepy.
 

I eitt av stovene fann eg denne herleg sofaen, og angra enda litt meir på at eg ikkje tok inn den mandaringule sofaen som sto her ute under dugnaden i fjor. Ein skulle hatt ein slik sofa, altså. 
 For ikkje å snakke om at ein skull hatt eit slikt skap til serviset sitt:
Eg trur ikkje elevane mine kjem til å komme meg ei fløyelspute med sølvkross på når eg dauar heller, men det får eg lukkelegvis aldri vite noko om. Men flott, det er det!
 I røykerommet fann vi denne salongen:
 Og på eit skap sto det ein liten dekorasjon som vi vel må seie sto heilt i stil med salongen:
 Bileta under her syner dei borda som liksom var kaféborda under kaffiserveringa. Vi hadde gjort det ganske fint, synest de ikkje? 

Ingen kommentarer: