05 juni 2010

Ikkje så vaksen likevel?

Eg har jo hatt ein serie her på bloggen - Ellen gjer vaksne ting - og det siste var vel å vinne budrunde og å kjøpe hus. På torsdag var vi i møte med banken og skreiv under på at vi vil ha masse gjeld. Jaudå, det var no greit, bortsett frå at Jokke og eg klarte å, uavhengig av kvarandre, dukke opp i svart- og kvitrutete klede, kor matchande grilldress er ikkje dét? Herleg.

I forkant av dette møtet i banken hadde eg ein telefonsamtale med den same dama som vi møtte på torsdagen, og det var då eg innsåg at eg ikkje er så vaksen likevel. Samtalen var om lag slik:

Banken: Kor mykje vil de låne då, har de tenkt noko på det?
Ellen: Nei...(*tenkjer febrilsk, eg anar ikkje kor mykje vi treng, dama i banken sa vi kunne kjøpe hus til 2,6 mill, og det var det eg trengte å høyre då eg var i budrunden, men eg kan jo ikkje vedgå at eg ikkje har tenkt eit sekund på det*)...vi hadde vel tenkt å høyre med dykk om kva de vil rå oss til..? (*Pustar letta ut, synest eg kom greit unna den der*)
Banken: Tja, eg set berre opp nokre tal førebels, men kor mykje hadde de tenkt å bruke av eigenkapitalen dykkar då?
Ellen: Ehhh...(*må vi ikkje bruke opp all eigenkapitalen for å få lån, då?! Eg skjønar ikkje spørsmålet!*)...nei, altså, vi tenkte vel at de kan hende hadde nokre forslag til kva som vil løne seg for oss i lengda, men...eh...vi har vel lyst til å ha ein buffer (*bra Ellen, no får du det til å høyrest ut som om vi tenkjer langsiktig, alle snakkar om å ha ein buffer, berre hald kjeft no om at vi har tenkt å bruke han på syklar*), men så vil vi jo gjerne også ha så rimeleg lån som mogleg, men kan hende vi kan finne ei løysing i morgon. (*Bra parert!*)
Banken: Ja, nett, de er no godt innafor grensa for kva de kan få låne, så det burde vere mogleg for dykk å ha ein buffer også. Men kva har de tenkt om nedbetalingstid?
Ellen: (*Iiiiik!*)(*Vi har ikkje tenkt!*) Nei, eh...er det ikkje 20 år som er vanleg då?
Banken: Hehe, alt mellom 10 og 30 år er vanleg, så det er litt opp til dere.
Ellen: (*Avslørt!*) Hmmm, eg trudde det var standard med 20 år, eg, men eg kan prate litt med Jok...Joachim om det i kveld, så blir vi samde om det i morgon.

Likevel får vi altså både huslån, kredittkort i bøtter og spann og felles konto med kort til. Verdt å leggje seg på minne om ein skulle få lyst til å investere i bankar.

Ingen kommentarer: