10 september 2009

Besseggen

Det har blitt tradisjon på Frogn at førsteklassingane dreg til Gjendesheim i byrjinga av skuleåret. Målet er å byggje klasseånd over Besseggen. I år var det Hans Petter og eg som var fjellsjefar, og den første dagen følgde vi halve kullet over eggen i delvis bra vær, delvis tåke.

Om ettermiddagen kom resten av kullet opp, men værmeldinga slo til - stiv kuling. Veret var praktfullt, med regn og vind som gjekk via ein perfekt regnboge til å bli strålande solskin.Men vinden blei vi ikkje kvitt, så Besseggen fekk liggje der aleine den dagen. Tur blei det jo sjølvsagt likevel, vi gjekk opp til Bessvatn og kjende på vinden. Der var det bølgjer!Elevane var kjempenøgde med å ha kjent på vinden, fleire av dei ble blåse ut av kurs, og dei skjøna godt kvifor dei ikkje skulle på høgfjellet den dagen. Litt godt å høyre for oss som vurderte situasjonen også, dei var jo ganske skuffa då vi avlyste eggen! På vegen ned tok eg dette bildet av Hanne mot Gjende: Fint, hva? Og eg er støtt litt imponert over at det gamle mobilkameraet mitt tek så bra bilete!

Ingen kommentarer: