25 september 2015

Takk for all moroa vi har hatt!

Alt har ein ende, og no har altså Morphe fått seg ein ny heim. Eg elskar jo den vesle raude og gilde karbonkrabaten, men det er jo ikkje til å stikke under ein stol at eg ikkje eigentleg satt så godt på han. Då eg kom over ein liten Diamant på Finn slo eg til. Og så var det på tide å fortelje Morphe at eg skulle gi han frå meg. Det var ganske ille.

Så, då eg skulle gjere han klar for å ta bilde og slikt, så oppdaga eg brått ein sprekk i ramma! Karbon kan jo finne på slikt, men dette var eit sjokk for meg, altså. Dermed blei eg redd for at han skulle ende sine dagar som avplukka delesykkel, ramma sendt på dynga, ribba for all verdigheit. Eg var redd ingen ville sjå verdien i ein liten raud 2005-modell som berre hadde Centaur-delar.

Men så, brått dukka det opp ein ringeriking som hadde fiksa rammebrot før, og som synest ramma var så fin at han burde få leve vidare på vegen. Og i går sende eg frå meg Morphe, gav han ein del klemmar og takka for all moroa vi har hatt, og sende han til Hønefoss der han skal på pleie og reparasjon. Han har hatt det fint i garasjen i natt, det fortalde kjøparen i dag. Eg er så glad for at han fekk ein ny heim, hos nokon som kjem til å spyle vegdrit av han, alltid halde slitedelane reine og smurde, og som ikkje kjem til å la han stå ute.

Denne vesle sykkelen var den første landevegssykkelen min, han har synt meg gleda over karbon, over farta i svingar og nedoverbakkar, og vi har slitt oss opp bakkar. Utan Morphe ville eg ikkje vore syklist, eg ville ikkje rykka til av å sjå leggar med hår på, og eg ville ikkje ha gleda meg til bar asfalt i mars, slik eg gjer no.

Det er heilt utruleg kor glad ein kan bli i 8 kg plast og metall.

No græt eg faktisk litt.

Men det er så fint at han skal få køyre vidare på Ringerike - han er kjent der frå før, og han fortener mange år til med vegmoro. Takk for all moroa vi har hatt, Morphe, og lukke til vidare! Kanskje ser eg deg på vegen ein dag?

Ingen kommentarer: