02 oktober 2013

Feriedag

Dagen i dag har vore ein kjempefin dag. Først og fremst fordi eg har ferie, og ferie er alltid bra, men også fordi vi har gjort fine ting. 

Først sov vi lenge, og eg sov over kattemasing. Så blei det tekanne til frokost, før vi tok opp att hagearbeidet frå i går. Jokke var kjempeflink og ordna vedkassa/putekassa, festa ledning og spadde opp det eine blomebedet som eg ikkje rakk å maltraktere i går.  Eg vaska vindauge, og fann ut at det blir nok mindre pes om eg gjer det litt oftare. Men no har vi i alle fall ikkje snutemerke på stuevindauget lenger, og Lukas var flink og laga ikkje fleire då han satt i karmen seinare på dagen!

Så dro vi på sykkeltur til Gjelleråsen, og denne gongen fann vi heile sløyfa. Eg var daud i beina etter styrkeøkta i går, men syntest eg var litt flink likevel. Og då eg kom attende til bilen kunne Strava fortelje meg dette:
Queen of Mountain, du! Eg elskar Strava! 

Ingen kommentarer: