03 februar 2013

Ellen gjer vaksne ting, del VI

I dag har Ellen nemleg smørt skia sine sjølv. Og ikkje nok med det, ho har vore ei god venninne og smørt skia til Inger Merete også. Det er vel ganske vaksent, vel? Rett nok måtte eg inn på Skiforeningen sine sider for å finne smøremeldinga, OG eg måtte snøggprate med Smøresjefen (=husbonden) som for tida er utilgjengeleg. Deretter måtte eg snøggprate meir med Smøresjefen om kvar universalklisteret vårt er hen, og då fortalde han at Vidundermedelet Rode Multigrade er det same som universalklister.

Menneh, i alle fall så dro vi til Tærud, og eg fekk seinare skryt for å spele The Expectation Game to perfection. Eg var nemleg litt skeptisk, til føret (som eg trudde var hardt og litt snølaust), til smøringa (av årsakar som eg trur de har fatta no) og til mengda folk. Ikkje rart det blei ein kongetur: då vi hadde konkludert med at årgangslilla ikkje var greitt nok, og at universal/blå-blandinga mi var bra, var det berre å labbe oppover lia. Og det var supre forhold! Skia var perfekte, ikkje berre smøringa. Eg hadde nemleg dei nye skia mine, dei eg fekk av Jokke til jul, og der var supre: stålkantar er digg, og dei var ikkje så trå som eg frykta då mannen i butikken sa dei var litt vel mjuke for meg.

Så gjekk vi til toppen, valde ein spanande tur heim, og trur de ikkje vi nett rakk å ete vaffel på Ringdalskoia før vi dro ned til bilen. Snille som vi er hjalp vi Skedsmo skiklubb med to vaflar kvar, sidan dei hadde ein svær stabel att berre fem minutter før stengetid. Vi, altså!

Og vel heime fekk eg jammen selskap til middag også!

Diverre klarte eg ikkje å konsentrere meg om både å smøre ski og å ta med telefonen, så difor fekk eg ikkje fotodokumentert turen. Men Inger Merete kan vere vitne på at eg smørte skia hennar og at dei blei bra.

Ingen kommentarer: