06 mai 2012

Ein ny familiemedlem

Dag 1: Torsdag henta vi heim den nye familiemedlemmen vår, huskatta Esterka. Ho har budd hjå ein kar litt lengre ned i Solvegen, men han så seg nøydd til å sjå seg om etter ein adoptivfamilie, for han er så mykje vekke. Og då var det jo godt at Jokke og eg ikkje hadde fått ut fingeren enda og fått henta oss ein katt alt. Lille Esterka (ho er eigentleg ikkje så lita, 4,6kg huskatt er faktisk ein del) mjaua vilt då vi dytta ho inn i buret og bar ho med oss opp på Toppen. Ho var ikkje mykje høg i hatten då ho sprang rundt og gjorde seg kjend: 
Dag 2: Natt til torsdagen blei ei prøving for både katt og folk. Esterka er vand med å gå ute om natta, men ein må jo halde kattar inne ei god stund etter at dei blir flytta, og dermed måtte vi høyre på den såre mjauinga hennar heile natta. Eg trur diverre ho hadde det verre enn oss, men ingen av oss sov så mykje. 

Dagen etter var likevel mykje betre. No hadde ho oppdaga sofaen, og fann mykje trøyst i ullteppet som låg der for å skydde mot kosekloring. Dette ser då ut som ei ganske harmonisk monsine, synest ikkje de også? 
Dag 3: Skepsisen er overkomme. Ikkje nok med at ho tillet oss å klø ho på magen, ho maler så det rister i det vesle dyret, det er som å ha ein bitteliten motor i huset. Duuuurrrrrr. 
Skal seie dette går mykje betre enn venta, altså. Eg er redd de må førebu dykk på ein del kattebilete framover, eg har jo gått heilt i mammamodus, og når rekkjehusbonden anten skal på øving eller lese til eksamen, så vil det nok vere den lille kattedama som blir hovudleikekamerat. De får melde i frå i kommentarfeltet om de blir lei av kattenyhenda, eg skjønar jo sjølv at dei ikkje er like aktuelle for dykk! 

Ingen kommentarer: