07 oktober 2011

Ein kul fyr

I Keahou Bay utanfor Kona traff Jokke og eg på denne karen på vår snorkling. Brått var han berre der, eit par meter under meg. Vi sumde så tett opptil han som vi syntest vi kunne for å ikkje skremme han, men han var visst ikkje så lett å skremme. Han berre sumde roleg rundt, og såg på oss slik vi såg på han. Og vi er visse på at han ikkje var særleg imponert over vassnavigeringa vår. 

Ingen kommentarer: