06 oktober 2011

Hawai'i - daglegliv

Vi skjønte snøgt at vi kom til å kjenne oss heime på Kona Coast Resort ved Keahou og fann dette skiltet utanfor leilegheita vår: 
Rett nok skal eg vedgå at då vi kom fram klokka halv tolv eller kva det var, etter å ha reist i 20 timar frå London, via Los Angeles (eg har skrive om flyturen før), var det så mørkt at vi ikkje såg det, men vi oppdaga det jo etter kvart. 

Dagen etter var det også mogleg å sjå utsikten vår frå verandaen. Det var ikkje klårvêr før sjølve konkurransedagen, men med ein betre fotograf ville de faktisk sett Stillehavet bak husa der nede. Men palmene ser de, og det var stas berre det. 

Legg også merke til at dei har innført ein patent eg inntil no berre har kjent frå garasjen heime hjå far min, nemleg bjelken som skal hindre folk i å køyre på graset (og mor mi og eg i å køyre i garasjeveggen): 
Hawai'ianarane er glade i øya si, og glade i særtrekka hennar. Eit av særtrekka er sjølvsagt at det veks søte og gode frukter der, som til dømes kokos og ananas. Kokospalmer er meir dekorative ute enn inne, men ananas er det tydelegvis lett å bli inspirert av. Vi hadde både ananaslamper (fleire typer, altså)... ,
...ananasstoler...
...og ananasbord. Prøv om de kan ignorere turisten med litt dårleg holdning. 
Til sist måtte vi jo ete litt ananas også, sjølv om eg til vanleg meiner at ananas gjer seg best i jusform. Legg forresten merke til dei tre papayaane. Dei var kjempebillige, mest så dei kasta dei etter ein. Godt vi er glade i papaya. Hadde eg budd på Hawai'i hadde eg ete veldig mykje frukt trur eg. Og nøtter. Kokosnøtter. Med sugerør.
For å ikkje gløyme heilt kor vi kjem i frå laga vi egg og bacon til frukost. Med Kona-kaffi til. Både Jokke og eg blei faktisk glade i kaffi i løpet av dei vekene vi var på Hawai'i, men så hadde vi også tilgang til Kona-kaffi, som er ganske mykje godare enn det meste anna av kaffi.
Det er berre leigebil, taxi eller haiking som funkar om ein skal transportere seg på Hawai'i. Her ser de Jokke på nærmaste monsterparkeringsplass, saman med vår oransje (Tigern fekk velje farge) Jeep Wrangler. det kan forøvrig vere greitt å merke seg at ein sykkelkoffert av merket TC-1 akkurat går inn i bagasjerommet på ein slik, vel og merke om ein snur han på hovudet. 
Til sist: det er jo ei kjend sak at Ellen blir som mora si, så her har Ellen teke eit bilete av litt rosa ugras på ein parkeringsplass. Ho demonstrerar også at ho ikkje er heilt som mor si enda, for denne har blitt klassifisert som rosa buskeblome. 

Ingen kommentarer: