15 oktober 2010

Mesnali

Eg var på Mesnabo, FFI si hytte på Mesnali, i haustferien. Med meg var fyrst berre Irene, og det var verkeleg stas.

Torsdagen sprang vi en ofseleg blaut tur i skauen, og eg fekk gjort Ellen-tabba igjen: å forveksle stien med bekken og så berre springe avgårde i bekken, ei tabbe eg har gjort med jamne mellomrom etter den søkkblaute våren 2005, då Jokke og eg innførte regnvêrsturar i skauen som turform.

Nok om det.

Fredagen var det tjukk tåke så langt auget kunne sjå, og vi gadd ikkje dra ut anna enn på ei lita vandring til Søre Mesna. Under finn de somme av bileta eg tok. Dette er eg veldig nøgd med, synd eg berre hadde kameraet på telefonen, for ellers kunne dette blitt fint i forstørring. Dette synest er herleg illevarslande, men så veit de vel at eg likar litt godt, gamaldags tungsinn.

Ingen kommentarer: